I Can't Read

I Can't Read
Singel av David Bowie
frå albumet The Ice Storm
Utgjeve 1. desember 1997
Innspelt August 1996
Sjanger rock
Lengd
    • 4:40 (kortversjon)
    • 5:30 (langversjon)
Selskap Velvel Records/ZYX (ZYX 8757-8)
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar)
Produsent
David Bowie-kronologi 
«I'm Afraid of Americans»
(1997)
I Can't Read «Thursday's Child»
(1999)


«I Can't Read» er ein song skriven av David Bowie og Reeves Gabrels for Tin Machinedebutalbumet deira i 1989. Songen vart sidan spelt inn på ny av Bowie og Gabrels i 1997 og framført på konsertane til Bowie seint i 1990-åra.

Bowie skildra songen som «full av anger og smerte. Eg forventar at det er når jobbar går galt, og heimen eigentleg ikkje kjennest varm lenger, og du ikkje treng nokon - du latar som du ikkje gjer det - og du hamnar i ein slik tilstand.»[1]

Bowie spelte inn to nye versjonar av songen i 1997, ein for filmen The Ice Storm[2] og ein annan versjon for albumet Earthling (1997). Denne sistnemnde versjonen kom ikkje ut før på Is It Any Wonder? (2020).[3] Ice Storm-versjonen kom ut på singel i Tyskland og Skandinavia på Velvel Records i desember 1997. I januar 1998 kom han òg ut i Australia på Shock Records under eksklusiv lisens frå Velvel Records. Singelen låg tre veker inne på topp 200 i Storbritannia, der han nådde 73. plassen.

1997-singel / filmversjon

[endre | endre wikiteksten]

Singelen frå 1997 inneheld begge versjonane av songen. Den korte versjonen kom ut på lydsporet til «The Ice Storm» og den «lange versjonen» kom ikkje ut andre stader før EP-en Is It Any Wonder? i 2020.

CD: Velvel / ZYX 8757-8 (Tyskland)

[endre | endre wikiteksten]
  1. «I Can't Read» (kort versjon) (Bowie, Gabrels) – 4:40
  2. «I Can't Read» (lang versjon) (Bowie, Gabrels) – 5:30
  3. «This Is Not America» (Bowie, Metheny) – 3:48

2020 Is It Any Wonder?-versjonen

[endre | endre wikiteksten]
  1. «I Can't Read '97» (Bowie, Gabrels) - 5:27

Konsertopptak

[endre | endre wikiteksten]

Salslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1998) Plassering
Skottland (Official Charts Company)[4] 77
UK Singles (Official Charts Company)[5] 73
UK Indie (Official Charts Company)[6] 12

Coverversjonar

[endre | endre wikiteksten]
  1. David Bowie, Bridge Concert Benefit X, 19. oktober 1996
  2. Sprague, David (February 1997), «After a decade of missteps, David Bowie reinvents himself again ... and this time he's on target», Pulse! Magazine (156): 34–37, 72–73 
  3. «David Bowie Is it Any Wonder? Streaming EP of unreleased & rare material». 14. februar 2020. Henta 11. september 2021. 
  4. "Archive Chart". Scottish Singles Top 40. Official Charts Company.
  5. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  6. "Archive Chart" UK Indie Chart. Official Charts Company.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]