I Can't Stand the Rain Singel av Ann Peebles frå albumet I Can't Stand the Rain | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1973 | |
Innspelt | 1973 | |
Sjanger | Soul, Memphis soul | |
Lengd | 2:31 | |
Selskap | Hi Records | |
Komponist | Don Bryant, Ann Peebles | |
Tekstforfattar | Ann Peebles | |
Låtskrivar(ar) | Ann Peebles, Don Bryant & Bernard «Bernie» Miller | |
---|---|---|
Produsent | Willie Mitchell | |
Ann Peebles-kronologi | ||
«I'm Gonna Tear Your Playhouse Down» (1973) |
I Can't Stand the Rain | «(You Keep Me) Hanging On» (1974)
|
I Can't Stand the Rain Singel av Eruption frå albumet Eruption | ||
B-side |
«Be Yourself» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 23. januar 1978 | |
Innspelt | 1977 | |
Sjanger | Disco | |
Lengd | 3:12 | |
Selskap | Hansa Records | |
Komponist | Don Bryant, Ann Peebles | |
Tekstforfattar | Ann Peebles | |
Låtskrivar(ar) | Ann Peebles, Don Bryant & Bernard «Bernie» Miller | |
Produsent | Frank Farian, Rainer M. Ehrhardt | |
Eruption-kronologi | ||
I Can't Stand the Rain | «Leave a Light» (1978)
|
«I Can't Stand the Rain» er ein song opphavleg spelt inn av Ann Peebles i 1973, og skriven av Peebles, Don Bryant og Bernard «Bernie» Miller. Andre hitversjonar vart seinare spelt inn av Eruption og Tina Turner.
Songen vart skriven av Peebles, partneren hennar (og seinare ektemannen) Don Bryant og DJ-en Bernard «Bernie» Miller i 1973:
Ein kveld i Memphis i 1973, møtte soulsongaren Ann Peebles nokre vener, mellom andre partneren og låtskrivaren for Hi Records Don Bryant, og dei gjekk på ein konsert. Like før dei skulle gå, opna himmelen seg og Peebles sa «I can't stand the rain» (eg fordrar ikkje regn) Som profesjonell låtskrivar som konstant trengde nye ting å skrive om, snappa Bryant opp denne setninga og likte ideen om å reagere mot nylege R&B-hitar som hadde hylla dårleg vêr, som the Dramatics sin «In the Rain» og Love Unlimited sin «Walking in the Rain (With the One I Love)». Så han sette seg ned ved pianoet og skreiv riffet i temaet, og tok så inn idear frå Peebles og den lokale DJen Bernie Miller. Songen vart ferdig same kvelden og presentert morgonen etter til Hi Records-sjefen Willie Mitchell, som brukte eit nytt instrument, elektrisk timbale, for å skape det særeigne regndrope-riffet. Det var verkeleg så lett. «Me gjekk ikkje på konserten», sa Bryant. «Me gløymde det heilt ut.»[1]
Songen vart produsert av Willie Mitchell og songen vart den største hitten til Peebles. I 1973 nådde han 38. plassen på poplista i USA og sjetteplassen på R&B/Black Chart. Han nådde òg 41. plassen på UK singles chart i april 1974. Orgelet vert spelt av Charles Hodges.[2] Det var ein av favorittsongane til John Lennon og i eit intervju i Billboard sa han ein gong «Det er den beste songen gjennom tidene.» Ian Dury valde denne songen som ein av åtte songar då han var med i BBC Radio 4-progammet Desert Island Discs.[3]
I 1978 gav Eruption ut ein disco-versjon av songen som nådde sjetteplassen på discolista[4] og vart den største hitten til bandet (18. plass på Billboard Hot 100).
Liste (1978) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot 100 | 18 |
U.S. Billboard Hot R&B/Hip-Hop Songs | 30 |
U.S. Billboard Hot Dance Club Play | 6 |
Canada | 21 |
UK Singles Chart | 5 |
Irish Singles Chart | 6 |
Tyskland | 7 |
Austerrike | 4 |
Sveits | 8[5] |
Nederlandsk Top 40 | 4 |
Belgia | 1 |
Frankrike | 5 |
Italia | 3 |
Noreg | 2 |
Sverige | 22 |
Finland | 15 |
New Zealand | 4 |
Australia | 1 |
Sør-Afrika | 5 |
I Can't Stand the Rain Singel av Tina Turner frå albumet Private Dancer | ||
B-side |
«Let's Pretend We're Married» (live) | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1. mars 1985 | |
Innspelt | 1984 | |
Sjanger | poprock, new wave | |
Lengd | 3:41 | |
Selskap | Capitol | |
Komponist | Don Bryant, Ann Peebles | |
Tekstforfattar | Ann Peebles | |
Låtskrivar(ar) | Ann Peebles, Don Bryant & Bernard «Bernie» Miller | |
Produsent | Terry Britten | |
Tina Turner-kronologi | ||
«Private Dancer» (1985) |
I Can't Stand the Rain | «Show Some Respect» (1985)
|
I 1984 spelte Tina Turner inn «I Can't Stand the Rain» for det femte soloalbumet hennar, Private Dancer, og han vart gjeven ut på singel tidleg i 1985 i Europa. Versjonen vart ein liten suksess i Storbritannia, men vart populær i Tyskland, Austerrike og Sveits.
Lister (1985) | Plassering |
---|---|
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[6] | 6 |
Tyskland (GfK Entertainment)[7] | 9 |
Irland (IRMA)[8] | 20 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[9] | 15 |
UK Singles (Official Charts Company)[10] | 57 |
Liste (1985) | Plassering |
---|---|
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[11] | 30 |