«I Don’t Feel Hate» Song av Jendrik | ||
Land | Tyskland | |
Språk | Engelsk, tysk | |
Utgjeve | 25. februar 2021 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 02:56 | |
Selskap | Polydor, Universal | |
Komponist | Jendrik Sigwart | |
Tekstforfattar | Jendrik Sigwart | |
Låtskrivar(ar) | Jendrik Sigwart, Christoph Oswald |
---|
«I Don't Feel Hate» ('eg følar ikkje hat') er ein tysk popsong frå 2021 som vert framført av den tyske youtubaren og tiktokaren Jendrik. Han vart offentleggjort 25. februar 2021 og er skriven av Jendrik sjølv, saman med Christoph Oswald. Dei tyske kringkastarane ARD og NDR valde låten som det tyske bidraget til Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.[1] Der enda den på nest sisteplass med 3 poeng.
Dei tyske kringskastarane ARD og NDR offentleggjorde i februar 2021 at dei internt hadde vald influensaren Jendrik Sigwart til å representere Tyskland i Eurovision Song Contest 2021.[2][3] Nokre veker seinare vart det kjent at tittelen på låten var «I Don't Feel Hate». Han var skriven av Jendrik saman med Christoph Oswald. Oswald har òg produsert singelen. Songen er ein lystig poplåt med mykje bruk av ukulele.[4] Songen har engelsk tekst, men inneheld ein kort sekvens der Jendrik etterliknar ein radiovert og snakkar på tysk.
Songen hadde premiere 25. februar 2021 og vart sloppen for strøyming og digital nedlasting. Dagen etter framførte Jendrik songen live for fyrste gong i programmet NDR Talkshow[5].
«I Don't Feel Hate» var det tyske bidraget til Eurovision Song Contest 2021. Som eitt av dei «fem store landa» var Tyskland direktekvalifisert til finalen i Rotterdam Ahoy i Nederland laurdag 22. mai 2021.[6] Songen vart nummer 25 av 26 med 3 poeng – alle frå juryane. Frå sjåarane fekk låten 0 poeng.
Liste (2021) | Høgaste
plassering |
---|---|
Litauen (AGATA)[7] | 79 |
Nederland (Single Tip)[8] | 7 |
Storbritannia (UK Download)[9] | 71 |
Sverige (Sverigetopplistan – Heatseaker)[10] | 17 |