I Love My Dog Singel av Cat Stevens frå albumet Matthew and Son | ||
B-side |
Portobello Road | |
---|---|---|
Utgjeve | 30. september 1966 | |
Innspelt | 1966 | |
Sjanger | Folkrock, softrock[1] | |
Lengd | 2:26 | |
Selskap | Deram | |
Låtskrivar(ar) | Cat Stevens/Yusef Lateef[2] | |
Produsent | Mike Hurst | |
Cat Stevens-kronologi | ||
I Love My Dog | «Matthew and Son» (1966)
|
«I Love My Dog» er ein song skriven av Cat Stevens, og var hans første singel (med «Portobello Road»), som dukka opp året etter på debutalbumet Matthew and Son. Stevens erkjende seinare at han i hovudsak hadde skrive teksten til musikken til den amerikanske jazz-multiinstrumentalisten Yusef Lateef sin «The Plum Blossom», frå hans Eastern Sounds frå 1961.[2] Stevens indikerte at han «fortalde Yusef Lateef om det, gav han ein stor sjekk, og byrja faktisk å betala han honorar.» I seinare år er Yusef Lateef oppført som komponist på songen.
B-sida, «Portobello Road», handlar om den kjende gata med same namn og marknaden i London i England. Songteksten vart skriven av amerikanske Kim Fowley, og Stevens vart beden om å samarbeida om å komponera musikk til han. Han vart seinare spelt inn av den første gitaristen til Stevens, Alun Davies, etter å ha signert med Island Records i 1970. Davies sin versjon dukka opp på dei første soloalbuma hans, Daydo, i 1974.
«I Love My Dog» nådde 28. plassen på UK Singles Chart i 1966, og var sju veker på lista.[3]
Songen har òg blitt spelt inn av Carolyn Hester, Theo Bikel, Linda Tillery og Mike Batt.