I See the Rain Singel av The Marmalade frå albumet There’s A Lot Of It About | ||
B-side |
Laughing Man | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 25. august 1967 | |
Studio | CBS Studio i London | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 4:05 | |
Selskap | CBS Records | |
Komponist | Junior Campbell, Dean Ford | |
Tekstforfattar | Junior Campbell, Dean Ford | |
Låtskrivar(ar) | Junior Campbell, Dean Ford | |
Produsent | Mike Smith | |
The Marmalade-kronologi | ||
«Can’t Stop Now» (1966) |
I See the Rain | «Man in a Shop» (1967)
|
«I See the Rain» er ein song frå 1967 av The Marmalade, skriven av sologitaristen William Junior Campbell og vokalisten Dean Ford.[1]
Dette var den tredje singelen deira for CBS Records etter at dei i 1966 endra namn frå Dean Ford and the Gaylords og byta selskap frå Columbia (EMI) til CBS. Singelen kom ut eitt år før den første suksessen deira i Storrbritannia, «Lovin' Things». Den sjølvskrivne innspelinga vart hylla av Jimi Hendrix som «den beste innspelinga i 1967»[2]
Singelen gjekk til topps i Nederland det same året. Graham Nash frå The Hollies bidrog til innspelinga, men singelen gjekk ikkje inn på lista i Storbritannia. Songen, som har ein typisk psykedelisk stil frå midten av 1960-åra, har sidan blitt ein kultklassikar og har blitt covra av artistar som Susanna Hoffs frå The Bangles og Matthew Sweet.[3]