Ian Campbell Folk Group

Ian Campbell Folk Group
Aktiv1956–1978
Sjangerfolkemusikk
Tidlegare medlemmerIan Campbell
Lorna Campbell
Dave Phillips
Gordon McCulloch
John Dunkerley
Dave Swarbrick
Brian Clark
Mansell Davies
George Watts
Dave Pegg
Andy Smith
Mike Hadley

Ian Campbell Folk Group var ei av de mest populære og respekterte folkemusikkgruppene i den britiske gjenopplivinga av folkemusikk på 1960-talet.[1][2] Gruppa hadde mange framsyningar på radio, TV og på nasjonale og internasjonale arenaer og festivalar. Ho spelte ei blanding av britisk tradisjonell folkemusikk og nytt materiale, inkludert komposisjonar av Ian Campbell. Mykje av populariteten hennar kom frå dei varierte framsyningane hennar, som inkluderte ei blanding av soloar, gruppevokal og instrumentalmusikk.

Gruppa blei skipa i 1956 i Birmingham som Clarion Skiffle Group.[3] Namnet blei endra til Ian Campbell Folk Group i 1958, og gruppa blei ei av dei mest respekterte, populære og innverknadsrike folkemusikkgruppene i den britiske folkemusikkmiljøet på 1960-talet. Blant dei fyrste innspelingane til gruppa var EP-en Ceilidh at the Crown, som kom ut i 1962 og var det fyrste liveopptaket frå ein folkemusikklubb som kom ut på vinyl.[4] I denne perioden spelte Spencer Davis (12-strengsgitar) og Christine Perfect (piano) med gruppa før dei la ut på sine eigne karrierar.

I 1963 skreiv gruppa kontrakt med Transatlantic Records og gav ut det fyrste studioalbumet sitt, This is The Ian Campbell Folk Group. Ho opptredde på fjernsyn fleire gonger på 1960-talet, som i Hootenanny Show, Barn Dance og Hullabaloo.[4] Ho fekk eit stort publikum og hadde konserter i Royal Albert Hall, Royal Festival Hall og på Newport Folk Festival i 1964.[4] I 1965 nådde versjonen hennar av Bob Dylan sin «The Times They Are a-Changin'» 42. plassen på UK Singles Chart.[5]

Gruppa fann to nye medlemmar i 1977 etter at systera til Ian, Lorna, skilde seg frå mannen Brian Clark, som hadde vore songar og gitarist i gruppa sidan 1963. Dei to nye medlemmane var Aiden Forde og Colin Tommis. Bandet heldt fram med å opptre i Storbritannia og i Skandinavia, og var fleire gonger på BBC Radio 2 og Pebble Mill at One. Adam's Rib, eit album med songar av Campbell, blei spelt inn på nytt i København med gjestemusikarar i 1979. Mike Hadley og Andy Smith heldt fram med å spela med gruppa, og Neil Cox var med henne på ein turné i Nord-Amerika.

Ian Campbell var far til UB40-musikarane Ali, Robin og Duncan Campbell og folkesongaren David Campbell.

Bandmedlemmar

[endre | endre wikiteksten]
  • Ian Campbell - gitar, munnspel, vokal (1956-1978; død 2012) (1956-1978; døydde 2012)
  • Lorna Campbell - vokal (1956-1978) (1956–1978)
  • Dave Phillips - gitar (1956-1963) (1956–1963)
  • Gordon McCulloch - banjo (1956-1959) (1956–1959)
  • John Dunkerley - banjo, gitar, akkordeon (1959-1976; død 1977) (1959-1976; døydde 1977)
  • Dave Swarbrick - fele, mandola (1960-1966; døydde 2016)
  • Brian Clark - gitar, vokal (1963-1978) (1963–1978)
  • Mansell Davies - bass (1966-1968) (1966–1968)
  • George Watts - fløyte (1966-1968) (1966–1968)
  • Dave Pegg - bassgitar, mandolin (1968-1971) (1968–1971)
  • Andy Smith - banjo, mandolin, gitar, fele (1969-1971) (1969–1971)
  • Mike Hadley - kontrabass (1971-1976) (1971–1976)
  • Geoff Bodenham: akustisk gitar
  • Derek Craft: fløyte, piano

Diskografi i utval

[endre | endre wikiteksten]
  • 1962 (1962): Ceilidh at the Crown : Topic TOP76 EP
  • 1962: Songs of Protest : Topic TOP82 EP
  • 1963 (1963): The Sun is Burning / The crow on the cradle : Topic Stop102 Single
  • 1963 (1963): This Is the Ian Campbell Folk Group! : Transatlantic TRA 110 LP
    • 1964 (1964): Re-released as Presenting the Ian Campbell Folk Group : Contour 2870 314
  • 1964 (1964): Across the Hills : Transatlantic TRA 118 LP
  • 1965 (1965): Coaldust Ballads : Transatlantic TRA 123 LP
  • 1966 (1966): Contemporary Campbells : Transatlantic TRA 137 LP
  • 1967 (1967): New Impressions : Transatlantic TRA 151 LP
  • 1968 (1968): The Circle Game : Transatlantic TRA 163 LP
  • 1969 (1969): Ian Campbell and the Ian Campbell Folk Group with Dave Swarbrick : Music for Pleasure, MFP Stereo 1349 LP
  • 1971 (1971): The Sun Is Burning : ARGO ZFB 13 LP
  • 1972 (1972): Something To Sing About : PYE PKL 5506 LP
  • 1974 (1974): Live : Sonnet SPL 1967 LP
  • 1976 (1976): Adam's Rib: Lorna Campbell Sings the Songs of Ian Campbell : Cottage COT. 701 LP
  • 1993: And Another Thing: Songs from Ian Campbell : Celtic Music CM CD 070
  1. Winick, Stephen D. (1997). «Reissuing the Revival: British and Irish Music on Topic Records». The Journal of American Folklore (American Folklore Society) 110 (437): 324–341. JSTOR 541167. doi:10.2307/541167. 
  2. NME Artists: Ian Campbell NME.com. Retrieved 20 August 2009.
  3. «The Ian Campbell Group». Brumbeat.net. Henta 23. september 2010. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Larkin C Virgin Encyclopedia of Sixties Music (Muze UK Ltd, 1997) ISBN 0-7535-0149-X s. 91
  5. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19. utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 91. ISBN 1-904994-10-5.