Idar Norstrand

Idar Norstrand
Fødd14. februar 1915
Bergen
Død8. september 1986 (71 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, fagforeiningsleiar
Alle verv
  • Norges lønns- og prisminister (1964–1965) Sjå dette på Wikidata

Idar Olav Norstrand (14. februar 19158. september 1986), fødd i Bergen, var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet, fagforeiningsleiar og tenestemann.

Han arbeidde som postmann frå 1934 til 1941, og seinare som sjef for personalavdelinga i Postdirektoratet, frå 1957 til 1982. Frå 1941 til 1945, under den tyske okkupasjonen av Noreg, måtte han flykte til Sverige. Der arbeidde han i den norske legasjonen i Stockholm. Frå 1946 til 1951 var han formann for Norsk Postforbund.

20. januar 1964 - 12. oktober 1965: Statsråd og sjef for Løns- og prisdepartementet (Løns- og prisminister) i Regjeringa Gerhardsen IV.