Idiot Wind Song av Bob Dylan frå albumet Blood on the Tracks | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 17. januar 1975 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 7:48 | |
Selskap | Columbia | |
Låtskrivar(ar) | Bob Dylan |
---|
«Idiot Wind» er ein song av Bob Dylan frå albumet Blood on the Tracks frå 1975.
Songen vart truleg skriven sommaren 1974 etter comeback-turneen hans med The Band.[1] Etter forslag frå broren, spelte Dylan inn halvparten av songane frå Blood on the Tracks på nytt, inkludert «Idiot Wind». Den nyinnspelte utgåva vart radikalt forskjellig frå den originale utgåva med fullt band som akkompagnement. Originalutgåva hadde stort sett vore ei akustisk soloinnspeling. Innspelinga av desse songane fann stad etter den første trykkinga av Blood on the Tracks, og studiomusikarane som Dylan nytta vart derfor ikkje tilskriven på albumomslaget.
Idiot wind, blowing every time you move your mouth
Bob Dylan
|
Sjølv om Dylan hevdar at songteksten ikkje har noko samband med den dårlege situasjonen i ekteskapet med Sara Dylan, har sonen Jakob Dylan fortalt i intervju at «songane på albumet er foreldra mine som diskuterer».[2]
Ein rusten konsertutgåve er avslutningsspor på Hard Rain, over 10 minuttar lang.
Songen vart rangert på 16. plass i magasinet American Songwriter si liste over dei 30 største Bob Dylan-songane.[3]
Tom Roger Aadland skreiv ein nynorsk tekst til songen kalla «Vind utan vit» for albumet Blod på spora i 2009.