Fløya | |||
Skipa | 22. juni 1922 | ||
---|---|---|---|
Liga | 1. divisjon (kvinner) (2020) 2. divisjon, avdeling 2 (menn) (2020) | ||
Utmerkingar | Tromsø kommunes kulturpris | ||
Land | Noreg | ||
By | Tromsø | ||
Stad | Tromsø kommune | ||
Anna | 2019: 1.-plass i 1. divisjon (kvinner) 2019: 1.-plass i 3. divisjon, avd 6 (menn) | ||
|
Idrettsforeningen Fløya er eit idrettslag heimehøyrande i byen Tromsø. Laget vart stifta 22. juni 1922 og er særleg aktivt i fotball, med bogeskyting som den andre idrettsgreina til IF Fløya. Fløya spelar i grøne drakter med kvite bukser.
IF Fløya har særleg utmerkt seg i kvinnefotball. Frå 1990 til i dag har laget spelt fleire bolkar i den norske toppserien. Både i 2003 og 2005 kom Fløya på bronseplassen i toppserien. I 2006-sesongen tok laget seg til semifinalen i NM-cupen. Nina Nymark Andersen og Christine Bøe Jensen er dei mest kjende Fløya-spelarane.
Fløya sitt lag for menn vann Nord-Noregsmeisterskapen i 1936. Sidan det allnorske seriesystemet kom på plass i 1971 har Fløya-laget jamnast deltek på nivå 4 og 5.
Laget spelar i 1. divisjon fotball (2020).
Endra 26. august 2020.[1]
Laget spelar i 2. divisjon (2020).