Idrettslaget Tyrving er eit idrettslag heimehøyrande i Sandvika i Bærum kommune. Laget vart stifta 18. juni 1922 og er aktivt i friidrett og orientering.
Friidrettsutøvarane Godtfred Holmvang, europameister i tikamp 1946, og Berit Berthelsen, bronsevinnar i lengdehopp under EM i friidrett 1969, er Tyrvings mest suksessrike medlemmer.
Tyrving vann stafettgull i klassa for menn under orienterings-NM både i 1989, 2007, 2008, 2012, 2013, 2014.