Iktomi er ein edderkopp-trickster hjå dei nordamerikanska siouxfolka i Dakota-territoriet.[1] Han kan opptre både som edderkopp og som ein mann med edderkopptrekk.[2]
Iktomi har ein dobbel natur som både latterleg narr og kulturhelt.[3] På den eine sida lurte han gjerne menneske han var nær, på den andre sida hadde han også skaparkrafta til edderkoppen. I lakotafolket si skapingsmyte var det Iktomi som sørgde for å folkesetja verda med menneske.[3] Han var den som fann opp språket og som gav namn til alle dyra.
Iktomi opptrer ofte i lag med coyoten, og i mange forteljingar byttar dei på å narra kvarandre.[3]