Illegal Alien Singel av Genesis frå albumet Genesis | ||
B-side |
«Turn It On Again» (Live) | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 23. januar 1984 | |
Sjanger | Poprock | |
Lengd | 4:33 (singel) 5:14 (album) | |
Selskap | Atlantic, Virgin, Vertigo | |
Komponist | Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford | |
Tekstforfattar | Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford | |
Låtskrivar(ar) | Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford | |
Produsent | Genesis, Hugh Padgham | |
Genesis-kronologi | ||
«Home by the Sea» (1983) |
Illegal Alien | «Taking It All Too Hard» (1984)
|
«Illegal Alien» er ein song av det engelske rockebandet Genesis på albumet Genesis frå 1983. Han vart gjeven ut som singel i 1984 og nådde 46. plass på singellista i Storbritannia.[1]
Teksten på songen er humoristisk og handlar om frustrasjonen ein ulovleg immigrant møter med refrenget: «It's no fun/Being an illegal alien». Songen vart sjeldan spelt på radio i USA fordi han vart rekna som støytande for ulovlege innvandrarar. Særleg den andre setninga i mellomspela der personen tilbyr seksuelle tenester frå systera si i byte mot at han får kome over grensa. Dette har vorte kutta ut frå radioversjonar av songen, samt frå musikkvideoversjonen av songen.
«Illegal Alien» hamna på lista til Blender over dei «50 verste songane gjennom tidene», med ein 13. plass.
Videoen syner stereotypiske skildringar av meksikanarar (mellom anna spelt av Collins) som drikk, søv, spelar Mariachi-musikk, med stor sombreroar og seraper, og syng med ein meksikansk aksent.
Songen vart framført på konsertane til bandet under Mama-turneen.[2] Eit konsertopptak av songen finst på Genesis Archive 2: 1976–1992.
Liste (1984) | Plassering |
---|---|
Canada Top Singles (RPM)[3] | 41 |
UK Singles (The Official Charts Company) | 46 |
US Billboard Hot 100 | 44 |