In Your Eyes Singel av Peter Gabriel frå albumet So | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 2. september 1986 | |
Innspelt | 1985 | |
Sjanger | ||
Lengd | 5:29 (album og 7") 6:15 (12"-miks) 7:14 (12" special mix) 4:58 (7" promo special mix) | |
Selskap | Geffen | |
Komponist | Peter Gabriel | |
Tekstforfattar | Peter Gabriel | |
Låtskrivar(ar) | Peter Gabriel | |
---|---|---|
Produsent | Peter Gabriel, Bill Laswell og Daniel Lanois | |
Peter Gabriel-kronologi | ||
«Don't Give Up» (1986) |
In Your Eyes | «Big Time» (1986)
|
«In Your Eyes» er ein song av den britiske musikaren Peter Gabriel frå albumet So frå 1986. Med seg har han Youssou N'Dour som syng på wolof i refrenget. Songen nådde toppen av Billboard Mainstream Rock Tracks i USA og 26. plass på Billboard Hot 100 i november 1986.[1] Songen vart ikkje gjeven ut som singel i Storbritannia.
Songen vart spela som siste song på Secret World-turneen og er den siste songen på konsertalbumet Secret World Live frå 1994 med ein 11 minuttar lang versjon.
I 2005, etter 19 år, hadde songen seld til gullplate i USA.[2]
Traileren for filmen Benny & Joon frå 1993 nytta denne songen.[3] Songen vart nytta i ein episode av Cold Case og i filmen The Rocker frå 2008. Samplingar frå songen er å høyre på Girl Talk-albumet «All Day».
Songen vart nytta to gonger i Cameron Crowe-filmen Say Anything... frå 1989, og i traileren til filmen. I ein kjend scene frå filmen held Lloyd Dobler ein kassettspelar over hovudet medan han spelar denne songen utanfor soveromsvindauget til ekskjærasten Diane Court i eit forsøk på å vinne ho attende. Etter filmen gjekk singelen inn på lista i USA att. Scenen har vorte parodiert i fleire komishow sidan, mellom anna i American Dad og South Park.
|
Andre artistar som har spelt songen er Neal Morse, SR-71, Darren Hayes, Jeffrey Gaines, Nichole Nordeman, Aaron Lewis, Lori McKenna, Paco Estrada, Sara Bareilles, Nancy Wilson, Mouth of the Architect, Renée Fleming og Quietdrive.