In Your Wildest Dreams Singel av Tina Turner & Barry White frå albumet Wildest Dreams | ||
B-side |
«Nutbush City Limits» (The 90s Version) | |
---|---|---|
Utgjeve | 21. desember 1996 | |
Sjanger | Pop, R&B, soul | |
Lengd | 3:58 | |
Selskap | Parlophone Records | |
Låtskrivar(ar) | Mike Chapman & Holly Knight | |
Produsent | Trevor Horn | |
Tina Turner-kronologi | ||
«Something Beautiful Remains» (1996) |
In Your Wildest Dreams | «Cose della vita - Can't Stop Thinking of You» (1998) |
Barry White-kronologi | ||
«Slow Jams» (1995) |
In Your Wildest Dreams | «Staying Power» (1999)
|
«In Your Wildest Dreams» er ein duett mellom Tina Turner og Barry White frå 1996. Songen vart gjeven ut på albumet Wildest Dreams. Singelen fekk størst suksess i Austerrike, der han nådde andreplassen på singellista. Den originale europeiske utgåva av albumet hadde ein annan versjon med talt vokal frå skodespelaren Antonio Banderas, medan singelversjonen og den amerikanske utgåva av albumet Wildest Dreams var ei nyinnspeling med White. «In Your Wildest Dreams» kom ut på singel i desember 1996 og var den sjuande og siste singelen frå albumet, og han kom ut i mange forskjellige format og versjonar. Promo 12"-singelen inneheld remiksar av mellom andre Deep Dish og Pink Noise. Somme europeiske CD-singlar inneheld òg to konsertopptak frå Wildest Dreams-turneen, «Missing You» og «GoldenEye».
Versjonen av «In Your Wildest Dreams» med Antonio Banderas vart gjeven ut på samleplata All the Best i 2004.
Den amerikanske musikkvideoen vart skapt av Aardman Animation Studio, og syner leirfigurar av Turner og White i komiske situasjon, i tillegg til Antonio Banderas og Wallace and Gromit.
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|