In the Spirit of Things Studioalbum av Kansas | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Oktober 1988 | |
Innspelt | 1988 | |
Studio | Soundscape Studios i Atlanta i Georgia Can-Am Recorders og Ocean Way Recording i Los Angeles | |
Sjanger | Kunstrock, hardrock | |
Lengd | 52:54 | |
Selskap | MCA | |
Produsent | Bob Ezrin, Greg Ladanyi, Phil Ehart | |
Kansas-kronologi | ||
---|---|---|
Power (1986) |
In the Spirit of Things | Carry On (1992)
|
Singlar frå In the Spirit of Things | ||
|
In the Spirit of Things er 11. studioalbumet til det amerikanske rockeband Kansas, gjeve ut i 1988. Det er eit laust samansett konseptalbum, som fortel soga om ein stor flaum som råka byen Neosho Falls i Kansas i 1951.[1][2] Det var det første Kansas-albumet sidan Masque i 1975 utan ein hitsingel.
I følgje forfattaren Dan Fitzgerald, var Rich Williams inspirert til å skape dette albumet etter å ha lese boka Ghost Towns of Kansas, Volume II (1979), og særskild kapittelet om Neosho Falls.[3]
Albumet var det siste studioalbumet til Kansas for eit stort selskap. Det fekk lite marknadsføring, sidan MCA Records droppa ei rekkje «eldre» artistar i stallen sin etter albumet kom ut og byta fokus mot yngre artistar som Tiffany. Albumet selde dårleg. Likevel laga selskapet ein video for «Stand Beside Me». Songen vart spelt ein del på MTV og singelen klatra på rockelista i USA, og vart den siste singelen til Kansas som gjekk inn på ei singellista i USA. Andre songar vart gjevne ut på forskjellige format, som 12"-versjonen av «I Counted on Love», ein CD-singel med «House on Fire» og ein mini-CD-singel med «Stand Beside Me».
Det vart turnert for å marknadsføre albumet, inkludert ein konsert sendt på radioprogrammet King Biscuit Flower Hour, som mange år seinare vart gjeven ut på ein CD.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
AllMusic rekna albumet som «eit av dei meir konsistente albuma til gruppa, og lett eit høgdepunkt i den seinare delen av karrieren deira.» Dei kritiserte albumet for ein utdatert produksjon og mangelen på ein singel som kunne måle seg mot tidlegare hittar.[4]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Ghosts» | Steve Walsh, Steve Morse, Bob Ezrin | 4:18 |
2. | «One Big Sky» (ekstra tekst av Ezrin, Walsh, Phil Ehart) | Howard Kleinfeld, Michael Dan Ehmig | 5:17 |
3. | «Inside of Me» | Morse, Walsh | 4:42 |
4. | «One Man, One Heart» | Mark Spiro, Dann Huff | 4:20 |
5. | «House on Fire» | Walsh, Morse, Ezrin, Ehart | 4:42 |
6. | «Once in a Lifetime» | Antonina Armato, Dennis Morgan, Albert Hammond | 4:14 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Stand Beside Me» | Marc Jordan, Bruce Gaitsch | 3:28 |
8. | «I Counted on Love» | Morse, Walsh | 3:33 |
9. | «The Preacher» | Walsh, Morse | 4:18 |
10. | «Rainmaker» | Walsh, Morse, Ezrin | 6:44 |
11. | «T.O. Witcher» (instrumental) | Morse | 1:39 |
12. | «Bells of Saint James» | Walsh, Morse | 5:39 |
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1988 | Billboard 200 (USA)[5] | 114 |
År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1988 | «Stand Beside Me» | Mainstream Rock Tracks (USA)[6] | 13 |