Inge er eit nordisk mannsnamn, som av og til er brukt som kvinnenamn òg. I Noreg er Inge stort sett berre eit mannsnamn, medan det vert brukt meir for jenter i Danmark.
Namnet kjem av gudenamnet Ing, som er eit anna namn på guden Frøy. Det er mykje brukt i namnesamansetjingar, som Kjell Inge eller Ingebret.