Inge Fænn | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1945 (80 år) Markane |
Yrke | redaktør, skribent |
Inge Fænn (fødd 1945) er ein norsk redaktør, organisasjonsmann og forfattar. Han er frå Markane i Stryn kommune. Fænn har vore journalist i Fjordingen og styrar for Sunnmørsposten sitt avdelingskontor i Stryn før han i 1996 vart redaktør i Fjordingen.
Inge Fænn var leiar i hovudkomitéen for ski-NM i Stryn 1996 og han har vore leiar i Sogn og Fjordane Skikrins.
Fænn er medforfattar av bøker om Alexandra Hotell og fotballspelarane Flo - Flo United, og forfattar av 40 år med buss i vest (Vest-Buss Car AS) i 2005. Han er også medforfattar av boka Skåla - fjellet og folket i 2011 (Selja Forlag). I 2014 gav han ut boka Anders Svor. Bilethoggaren frå Hornindal (Skald Forlag).