Ingrid Salvenmoser | |
Statsborgarskap | Austerrike |
Fødd | 28. mars 1967 (57 år) Scheffau am Wilden Kaiser |
Idrett | alpint |
Tok del i | Vinter-OL 1998 |
Utmerkingar | ærestegn i gull av Ærestegnet for fortjenester |
Ingrid Salvenmoser (fødd 28. mars 1967) er ein austerriksk tidlegare skirennar frå Scheffau am Wilden Kaiser i Tirol som vann bronsemedaljen i slalåm under VM i alpine greiner 1991 i Saalbach-Hinterglemm.
Salvenmoser debuterte i verdscupen i alpine greiner i januar 1985, og fekk ein oppsiktsvekkande sterk femteplass i storslalåmrennet i franske St. Gervais. Gjennom ei lang tid som aktiv kom ho seks gongar på sigerspallen i verdscupen, men lukkast aldri å vinne noko renn.
I åra frå 1989 til 1999 deltok Salvenmoser i spesialøvinga slalåm i samtlege seks verdsmeisterskapane, samt i Vinter-OL 1998 i Nagano, dessutan var ho i fleire av meisterskapane også med i storslalåm. Trass i fleire gode renn vart ho ståande att med den bronsemedaljen ho sikra seg som beste austerrikar i slalåm då alpint-VM 1991 vart arrangert i heimlandet.
Salvenmoser vann tre nasjonale meistertitlar. I 1988 vart ho austerriksk meister i storslalåm, medan ho tre år seinare vart dobbeltvinnar gjennom sigrar i både storslalåm og slalåm.
Ho la opp som aktiv i 2001.