Ingvald Ulveseth

Ingvald Ulveseth

Ingvald Ulveseth
Foto: Leif Ørnelund / Oslo Museum
Fødd25. august 1924
Fjell
Død14. mars 2008 (83 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedNoregs tekniske høgskole
VervOrdførarar i Fjell 1958–1965
VervStatssekretær i Kommunal- og arbeidsdepartementet 1. januar 1964–1. august 1965
VervNorsk industriminister 16. oktober 1973–15. januar 1976
FøregangarOla Skjåk Bræk
EtterfylgjarBjartmar Gjerde
VervStortingsrepresentant 1965–1973
VervFylkesmann i Sogn og Fjordane 1976–1994
FøregangarArne Ekeberg
EtterfylgjarOddvar Flæte
Alle verv
Fylkesmannen har halde til i det nye Statens Hus på Hermansverk sidan 2005.

Ingvald Johan Ulveseth (fødd 25. august 1924 i Fjell, død 14. mars 2008) var ein norsk ingeniør og politikar for Arbeidarpartiet.

Ingvald Ulveseth var ordførar i Fjell kommune 1958–1964, og statssekretær i Kommunaldepartementet i Einar Gerhardsen si fjerde regjering (1964–1965). Ulveseth vart vald inn på Stortinget frå Hordaland 19651973. Han var industriminister i Trygve Brattelis andre regjering (1973–1976). I 1976 vart han fylkesmann i Sogn og Fjordane, ei stilling han hadde fram til 1994.

Ingvald Ulveseth var utdanna bygningsingeniør frå NTH frå 1949, og var blant anna kommuneingeniør i Fjell 1952–1961.

Ulveseth vart utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden i 1992.

Stortingskomitear

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]