Ingvar Moe | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. desember 1936 |
Død |
2. september 1993 (56 år) |
Yrke | Forfattar |
Periode | 1975-1993 |
Debut | Løktastolpefrø |
Ingvar Moe (11. desember 1936–2. september 1993) var ein norsk forfattar og lyrikar frå Etne. Han debuterte i 1975 med diktsamlinga Løktastolpefrø, som han fekk Tarjei Vesaas' debutantpris for. Denne diktsamlinga er bakgrunnsmateriale for ei viseplate med Stanley Jacobsen som kom ut i 1978.
I tillegg til å skriva dikt, romanar, barne- og ungdomsbøker, kåseri og skodespel skreiv han også lærebøker for barneskulen og han omsette barnebøker frå andre språk til nynorsk. I 1984 var han tekstforfattar til julehefte Smørbukk.