Achill Lokalt namn Inis Bigil | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 53°59′N 9°54′W / 53.983°N 9.900°W
|
Areal | 2,6 km²
|
Administrasjon | |
Land | Republikken Irland |
Grevskap | Mayo
|
Demografi | |
Folketal | 23
|
Inishbiggle (Inis Bigil på irsk) er ei lita øy utanfor kysten av County Mayo i Republikken Irland. På irsk tyder namnet «Fasteøya». Øya ligg mellom Achill og fastlandet. Ein kan nå øya med båt frå anten Doran's point ved Ballycroy eller Bullsmouth på Achill. Øya er 2,5 km lang og 1,5 km brei og har eit areal på 2,6 km².
For tida bur det 23 menneske på øya, som hovudsakleg driv med sau og kveg og fiske. Øya har eit skulehus og eit postkontor, men begge desse er ikkje i bruk lenger. Det har vore snakk om å byggje ei kabelvogn over den farlege Bullsmouth-kanalen mellom øya og Achill, men planane er skrinlagt fordi det vart for dyrt. Uforutsigbare straumar i kanalen om vinteren gjer stundom at det ikkje er mogeleg å kome til øya, sjølv om turen over i fint vêr berre tar om lag ti minutt.