Inuvialuit Settlement Region | |||
region | |||
Land | Canada | ||
---|---|---|---|
Inuvialuit Settlement Region 68°21′42″N 133°43′50″W / 68.361666666667°N 133.73055555556°W |
Inuvialuit Settlement Region, forkorta ISR (inuinnaqtun Inuvialuit Nunangit Sannaiqtuaq, INS; fransk Région désignée des Inuvialuit – RDI), er eit område vest i Arktis i Canada. Området blei oppretta i 1984 gjennom Inuvialuit Final Agreement av dei kanadiske styresmaktene for inuvialuitfolk. Det dekkjer 90 650 kvadratkilometer (35 000 sq mi) land,[1] det meste over tregrensa, og har fleire underregionar: Beauforthavet, elvedeltaet til Mackenzieelva, norddelen av Yukon («Yukon North Slope») og nordvestdelen av Nordvestterritoria.[2] ISR omfattar både krongods og land som har status som Inuvialuit Private Lands.
ISR er ein av fire inuittiske regionar i Canada, som saman er kjende som Inuit Nunangat[3] og representert av Inuit Tapiriit Kanatami (ITK). Dei andre regionane er Nunatsiavut i Labrador, Nunavik i Nord-Quebec og territoriet Nunavut.[4]
Ved den kanadiske folketeljinga i 2016 var folkesetnaden i ISR 5336 folk. 3110 av dei var inuvialuitfolk, og utgjorde majoriteten i alle dei seks busetnadane.[5] Der er ingen slike busetnader i Yukon North Slope. Av dei seks fellesbusetnadane i ISR ligg alle i Nordvestterritoria,[6] og dannar saman med Fort McPherson og Tsiigehtchic regionen Inuvik.[7]
Inuvik ligg aust i Mackenzie-deltaet, rundt 100 kilometer (62 mi) unna Polhavet, og er administrasjonssenter i regionen. Han husar Inuvialuit Regional Corporation. Den einaste andre busetnaden i innlandet, Aklavik, ligg ved Peel Channel. Jakt, fiske og fangst er dei viktigaste næringvegane i Paulatuk i Amundsenbukta og Sachs Harbour, den einaste permanente busetnaden på Banksøya. Tuktoyaktuk, tidlegare kalla Port Brabant, ligg ved Kugmallitbukta nær Mackenzie elvedelta. Denne busetnaden har den einaste djupvasshamna i ISR. Ulukhaktok, tidlegare kalla Holman, ligg på vestkysten av øya Kitlineq. Herschel Island, som er folketom, høyrer til ISR sjølv om ho ligg i Yukon og tradisjonelt blei brukt av inuvialuitfolk.
Engelsk blir tala i heile regionen. I tillegg blir det snakka siglitun i Paulatuk, Sachs Harbour og Tuktoyaktuk. Uummarmiutun blir tala i Inuvik og Aklavik. Inuinnaqtun blir tala i Ulukhaktok, og ingen andre stader i Nordvestterritoria.[8] Saman er språka kjende som inuvialuktun.