Iram Haq

Iram Haq
Fødd1. januar 1976 (48 år)
FødestadOslo
Verka somskodespelar, filmregissør, manusforfattar, songar, modell
PrisarKanonprisen for beste manus, Kanonprisen for beste regi, Kanonprisen for beste manus, Amandaprisen for beste regi, Amandaprisen for beste filmmanus

Iram Haq (fødd 1. januar 1976) er ein norsk skodespelar, filmregissør og songar. Ho har gjort seg merka som filmskapar, både med kortfilmar og spelefilmar, og har vunne Amandaprisen to gongar og Kanonprisen tre gongar for filmane sine. Haq har utdaning som art director frå Westerdals reklameskole.

Haq vaks opp på Stovner. Foreldra hennar var arbeidsinnvandrarar frå Pakistan, og Haq hevdar at ønskjet deira om å skjerme henne frå norsk kultur kom av at dei ikkje «hadde tid til å integrere seg, de måtte jobbe og sikre sin fremtid for barna. Du skal ha overskudd og mot til å klare å integrere deg.»[1]

Skuespiller

[endre | endre wikiteksten]

Haq spela hovudrolla som Jasmin, med Bjørnar Teigen som motspelar, i filmen Import-eksport. Haq hadde også rolla som Fatima Silmandar i humorserien Borettslaget, som sjukepleiar i dramaserien Berlinerpoplene og som eit av drapsofra i Varg Veum-filmen Falne engler.

Filmskapar

[endre | endre wikiteksten]

Kortfilmar

[endre | endre wikiteksten]

Haq har laga fleire kortfilmar. Den første filmen hennar heitte Trofast. Utan filmerfaring skreiv Haq manus, var skodespelar, regiassistent og kostymeansvarleg. Filmen vart plukka ut til filmfestivalen i Venezia som einaste norske bidrag i 2004.[1] Haq debuterte som regissør med kortfilmen Skylappjenta, der ho spela hovudrolla og skreiv manuset sjølv. Skylappjenta er ein ny versjon av Raudhette, med tokulturell problematikk. Filmen har vunne fleire norske prisar og den internasjonale Ellen Award på festivalen Aspen Shortfest, og var plukka ut til Sundance filmfestival i 2010.

Spelefilmar

[endre | endre wikiteksten]

Haq debuterte som spelefilmregissør med filmen Jeg er din, som hadde premiere 18. august 2013. Denne filmen hadde ho også sjølv skrive manus til.[2] For filmen vann hun Kanonprisen 2013 i klassen beste manus.[3]

Den andre spelefilmen hennar Hva vil folk si hadde noregspremiere 6. oktober 2017.[4] For denne filmen vann ho prisane for beste regi og beste filmmanus under både Amandaprisen 2018 og Kanonprisen 2017.[5] Filmen vann dessutan Amanda-klassene beste norske kinofilm og beste mannlege skodespelar (Adil Hussain) og var nominert i ytterlegare tre klasser.[6]

Forfattarskap

[endre | endre wikiteksten]

Haq gav også ut Skylappjenta som biletbok på Cappelen Damm forlag, med illustrasjonar av Endre Skandfer. Boka var nominert til Kulturdepartementets debutantpris, og vart også nominert til UPrisen 2010.[7]

Den fyrste romanen til Haq, Uelsket, vart gjeven ut 2021.[8]

Priser og nominasjoner

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 Ane Nydal (22. juli 2016). «Iram helt på ekte». Dagsavisen. Henta 5. mars 2019. 
  2. «Jeg er din». Filmweb. Henta 5. mars 2019. 
  3. «Kanonprisen: Småfilmenes triumf». p3.no. 29. april 2014. Henta 2. april 2021. 
  4. «Hva vil folk si - 2017». Filmweb.no. Henta 5. mars 2019. 
  5. «Stakk av med hele fire priser på kvinnedagen: - Kul måte å feire på». dagbladet.no. 9. mars 2018. Henta 4. april 2021. 
  6. Rano Tahseen; Kristian Aaser (18. august 2018). «Dette er årets Amanda-vinnere 2018». VG. Henta 25. august 2018. 
  7. «Skylappjenta». Uprisen. Henta 2. mars 2019. «Skylappjenta er en illustrert bok om oppvekst, pubertet og frigjøring. Den er basert på eventyret om Rødhette, samtidig som den er dagsaktuell. Boken sjonglerer mellom eventyr og virkelighet. Skylappjenta har aldri vært utenfor hjemmet, og må nå vandre gjennom skogen til sin syke bestemor. På veien møter hun Normann som hun forelsker seg i og onkelen som vil ta henne til Pakistan og gifte henne bort.» 
  8. «God og velskrevet». 21. september 2021. Henta 9. mai 2022. 
  9. «De nominerte til årets Kanonpris». rushprint.no. 17. mars 2014. Henta 2. april 2021. 
  10. «Dette er de Amanda-nominerte». nrk.no. 18. juni 2014. Henta 2. april 2021. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Iram Haq