Iraqw | ||
Klassifisering | Afroasiatisk Kusjittisk Sørkusjittisk Iraqw | |
Bruk | ||
Tala i | ![]() | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | irk |
Iraqw er eit kusjittisk språk som blir snakka i dei tanzanianske regionane Arusha og Manyara. I følgje Ethnologue sine tal frå 2001 blir iraqw snakka av 462 000 personar, og talet er aukande på grunn av at iraqwfolket er ope for andre folkegrupper.[1] Språket har mange lånord frå datooga, spesielt i poetisk språk. Språket gorowa, som blir snakka sør for iraqw, deler mange karakteristikkar med iraqw, og vert av og til rekna som ein dialekt av iraqw.