Isaac Mizrahi | |
![]() | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 14. oktober 1961 (62 år) Brooklyn |
Yrke | kreativ direktør, skodespelar, filmprodusent, motedesigner, designar |
Språk | engelsk |
Nettstad | https://isaacmizrahi.com |
Isaac Mizrahi på Commons |
Isaac Mizrahi (fødd 14. oktober 1961) er ein amerikansk motedesigner.
Mizrahi vart fødd i Brooklyn i New York i ein praktiserande sefardisk jødisk familie med opphav i Syria.[1][2] Mizrahi er syskenbarnet åt rockegitaristen Sylvain Sylvain som spela i protopunkbandet New York Dolls.
Mizrahi viste fram sin første kolleksjon i 1987 ved ei messe halden av stormagasinet Bergdorf Goodman. Han fekk straks lovord frå moteskribentar, og fleire moteseljarar bestilte klede av han.[3] I 1992 kjøpte det franske motehuset Chanel seg inn i selskapet hans.[3]