Isla Canela er ei lita øy sør for byen Ayamonte i Andalucia i Spania. Elva Guadiana munnar ut like ved øya og Portugal ligg på andre sida av elva og er lett synleg frå Isla Canela. Øya er ein populær feriestad på grunn av strendene her.
I tillegg til strendene og hotella, har Isla Canela ein eigen golfbane.