Isolino di San Giovanni | |||
øy | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Del av | De borromeiske øyene | ||
Areal | 0,004 km² | ||
Folketal | 0 | ||
Isolino di San Giovanni 45°55′00″N 8°33′19″E / 45.916666666667°N 8.5552777777778°E | |||
Wikimedia Commons: Isolino di San Giovanni |
Isolino di San Giovanni er ei lita øy i Maggioresjøen, ein av dei største subalpine innsjøane nord i Italia. Ho er ein del av Borromeeøyane og er ei av dei nordlegaste av gruppa.
Øya vart først nemnd i 999, då ho vart kalla Isola di Sant’Angelo, som refererte til eit kapell tileigna St. Mikael i borga på øya. Midt på 1100-talet høyrte øya til grevane i Barbavara-familien. Borromeo-familien gjorde mange forsøk på å overta Isolino di San Giovanni seint på 1500-talet for å opprette ein Barnabittarskule her. Dei fekk ho til slutt i 1632 og smykka ho med eit palazzo og hagar.