Isskap

Eit isskap, om lag 160 cm høgt. Her er ilegg av is på toppen. Skapet er fora med metall. (Foto: Kjetil Lenes)

Eit isskap eller isskåp er eit skap kor maten vert halden kald av ei blokk med is, som ligg øvst i skapet. Isskap var mykje nytta før kjøleskapet kom på 1950-talet.

Det var eit stort apparat for henting, distribusjon og lagring av isblokkene. Isen blei henta frå innsjøar og eigne isdammar. Desse låg oftast i nærleiken av havet. Når det var varmt blei isen lagra i store hallar, ishus, innpakka i sagmugg. Det blei drive isproduksjon langs store delar av norskekysten frå midten av 1800-talet fram til mellomkrigstida.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]