Ivar er eit mannsnamn, frå det norrøne namnet Ivarr, samansett av forleddet iv-, anten 'boge', 'barlind' eller ei form av namnet Inge, og etterleddet -ar, som tyder 'krigar' eller 'spyd'.
Namnet var i vanleg bruk alt på 1700-talet, men i eldre kjelder er det ofte skrive Iver. Namneforma Ivar har vore svært vanleg sidan førre hundreårsskifte, og populariteten nådde toppen alt på 1920-talet.