I'm Waiting for the Man Song av The Velvet Underground frå albumet The Velvet Underground & Nico | ||
Utgjeve | mars 1967 | |
Innspelt | mai 1966 i T.T.G. Studios i Hollywood | |
Sjanger | Garasjerock,[1] proto-punk[2] | |
Lengd | 4:39 | |
Selskap | Verve Records | |
Komponist | Lou Reed | |
Tekstforfattar | Lou Reed | |
Låtskrivar(ar) | Lou Reed | |
---|---|---|
Produsent | Andy Warhol |
«I'm Waiting for the Man» er ein song av det amerikanske rockebandet the Velvet Underground, skriven av Lou Reed. Han vart først gjeven ut på debutplata deira The Velvet Underground & Nico i 1967.
Songen handlar om å kjøpe heroin for 26 dollar i ei bustadblokk i Harlem nær krysset mellom Lexington Avenue og 125th Street i New York City, sungen frå synspunktet til kjøparen som tilsynelatande kjem til Harlem frå ein annan stad i byen. «Mannen» i tittelen er ein dophandlar. I lag med tradisjonelle gitarar, bass og trommer, har songen eit pumpande rock and roll- og Boogie-woogie-aktig piano. Det ein av dei meir populære songane til bandet og ein av mange songar dei spelte som handla om narkotika. Etter Lou Reed slutta i bandet i 1970, spelte han ofte songen på konsertane sine.
Han vart gjeven ut som singel i oktober 1971 (med «There She Goes Again» som B-sida) tilskriven Andy Warhol's Velvet Underground på MGM Records.[3]
I 2004 rangerte Rolling Stone songen på 159. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.[4][5] I 2010 vart plasseringa på same lista 161. plassen.
Songen var ein av dei tidlege songane som vart spelt inn av Lou Reed, John Cale og Sterling Morrison i leilegheita deira i Ludlow Street. Denne versjonen av songen, utan perkusjon, har eit mykje større vise- og bluespreg enn albumversjonen. Denne versjonen vart først gjeven ut i plateboksen Peel Slowly and See.
Før den endelege albumeversjonen av songen vart spelt inn i mai 1966, i T.T.G. Studios i Hollywood, vart eit anna opptak gjort i april 1966 i Scepter Studios på Manhattan. Dette opptaket er noko kortare, pianoet er meir i bakgrunnen og i staden for trommer vert det nytt tamburin. Reed syng òg «I'm waiting for the man» i byrjinga av songen, medan han på albumversjonen syng «I'm waiting for my man».
Nico og Velvet Underground-medlemmane Lou Reed, John Cale og Maureen Tucker har alle spelt inn sine soloversjonar av songen.
Andre artistar som har spelt songen er mellom andre:
82: «Rolling in the Deep» Adele |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2021 over dei 500 beste songane gjennom tidene 81 «I'm Waiting for the Man» The Velvet Underground |
80: «What I'd Say» Ray Charles |
162: «Bring the Noise» Public Enemey |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 161 «I'm Waiting for the Man» Velvet Underground |
160: «Moment of Surrender» U2 |