Jadar (Јадар) | |||
elv | |||
Land | Serbia | ||
---|---|---|---|
Lengd | 79 km | ||
Kjelde | Vlašić, nordvest i Serbia | ||
Munning | Drina, nær Straža, Loznica | ||
Jadar i Serbia 44°19′29″N 19°39′00″E / 44.3246°N 19.65°E | |||
Wikimedia Commons: Jadar River (Serbia) |
Jadar (serbisk Јадар) er ei elv vest i Serbia med ei lengd på 79 km. Ho er ei sideelv til Drina frå høgre. Jadar har gjeve namn til regionen med same namn vest i Serbia.
Ho spring ut på sørsida av fjellet Vlašić, nordaust for byen Valjevo, og munnar ut i Drina nær landsbyen Straža, like sør for byen Janja i Bosnia og Hercegovina.
Jadar ligg i nedslagsfeltet til Svartehavet og har sjølv eit nedbørområde på 894 km². Elva er berykta for flaumane som oppstår kvart år, og elva har derfor vorte regulert sidan 1988. Ho er likevel sterkt utsett for flaum, berre i 2005 skjedde det 12 gongar.