James «J.Y.» Young

James «J.Y.» Young

James «J.Y.» Young med Styx den 2. juli 2010 i Memorial Park in Omaha, Nebraska
Fødd14. november 1949 (74 år)
FødestadChicago u Illinois
FødenamnJames Vincent Young
OpphavUSA
AktivSidan 1966
SjangerHardrock, progressiv rock
InstrumentGitar, vokal, klaverinstrument
Stemmetypebaryton
Tilknytte artistarStyx
PlateselskapA&M, Passport, Absolute Records
Verka somMusikar, låtskrivar

James Vincent Young (fødd 14. november 1949) er ein USA-amerikansk gitarist, songar og låtskrivar, mest kjend som gitarist i det amerikanske rockebandet Styx.[1] Young byrja å spele klaverinstrumeng og piano i ung alder. Han gjekk på Calumet High i Chicago og lærte å spele klarinett og gitar i løpet av dei åra. Han fekk kallenamnet «J.Y.» og vert ofte omtalt som «The Godfather of Styx».

I 1970 vart Young med i bandet TW4[2][3][4][5] medan han var student på Illinois Institute of Technology. Her tok hanbachelor i mekanikk og luftfartsteknikk. Dete bandet utvikla seg til den første inkarnasjonen av Styx.

Etter Styx braut opp første gongen i 1984, gav Young ut soloalbuma City Slicker (1985 med Jan Hammer),[5] Out on a Day Pass (1993) og Raised by Wolves (1995 med James Young Group). Han var det einaste originale fulltidsmedlemmet att i Styx. Young har ofte skrive dei meir hardrock-prega songane til Styx. Han er mest kjend for Styx-songane «Miss America» og «Snowblind». Young var manager for det Chicago-baserte rockebandet 7th Heaven i 1998 i lag med Alec John Such frå bandet Bon Jovi.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
  1. Prato, Greg. «Biography: James Young». AMG. Henta 17. mai 2010. 
  2. Panozzo, Chuck (2007). The Grand Illusion: Love, Lies, and My Life With Styx. AMACOM. s. 57. ISBN 0814409164. 
  3. Whitaker, Sterling (2007). The Grand Delusion: The Unauthorized True Story of Styx. BookSurge Publishing. s. 16. ISBN 1419653539. 
  4. Clark, Dick (29. mars 1983). «Styx and stones...». Times-News. 
  5. 5,0 5,1 Mayne, Mya (22. april 1986). «His band breaks up temporarily, but James Young 'Styx' to music career». Observer-Reporter. Henta 31. mai 2020. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: James Young