Janice Pendarvis | |||
Opphav | USA | ||
---|---|---|---|
Sjanger | crossover jazz | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | songar, musikar |
Janice Gadsden Pendarvis er ein USA-amerikansk songar, låtskrivar og stemmeskodespelar.[1] Ho har arbeidd med artistar som Sting, David Bowie,[2] Steely Dan,[3] Peter Tosh, Brandy, The O'Jays, Philip Glass, Jimmy Cliff, Laurie Anderson, The Naked Brothers Band og The Rolling Stones. Pendarvis song korvokal for Sting på det første soloalbumet hans The Dream of the Blue Turtles, som vart nominert til Grammyprisen for årets album i 1986. Ho tok òg del i den første soloturneen hans i lag med Dolette McDonald som hamna på konsertalbumet og filen Bring on the Night. Dei song òg i lag på det neste studioalbumet til Sting ...Nothing Like the Sun. Og til slutt i 2001 song ho på Sting-konsertalbumet ...All This Time.