Jarle Pedersen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. juni 1955 (69 år) Alta |
Idrett | lengdeløp på skeiser |
Tok del i | Vinter-OL 1980 |
Jarle Pedersen (fødd 15. juni 1955) er ein norsk fysioterapeut og tidlegare skeiseløpar frå Alta. Pedersen vart nummer seks på 500 meter i OL i Lake Placid i 1980. I november 2009 overtok han som skeisetrenar for det norske skeiselandslaget etter Peter Muellers avgang.[1]
Som skeiseløpar gjekk han for Bossekop Ungdomslag, og eit par sesongar i Lambertseter Skøyteklubb. Han er far til skeiseløparen Sverre Lunde Pedersen og tidlegare skeiseløpar Eirik Lunde Pedersen.
Bilete