19°51′N 73°12′W / 19.850°N 73.200°W
Jean-Rabel (haitisk: Jan Rabèl) er ein by i Haiti som ligg vest for byen Port-de-Paix og aust for Môle Saint-Nicolas.
I 2003 hadde Jean-Rabel 125 745 innbyggjarar.[1] Byen Jean-Rabel er den viktigaste i den vestlege delen av departementet Nord-Ouest. Han har eit areal på 471,77 km², og grensar til Atlanterhavet i nord. I området i og kring Jean-Rabel er det to fjellkjeder: Saint-Nicolas-fjellkjeda, der den høgste toppen er 840 moh., og Jean-Rabel-fjellkjeda, der den høgste toppen er 850 moh.
Det er også ein stad i departementet Nord-Est og ein i Sud-Est som heiter-Jean Rabel.