Jean Binta Breeze | |
Verkeleg namn | Jean Lumsden[1] |
Statsborgarskap | Jamaica |
Fødd | 1956[2][3] eller 1957[4] |
Død | |
Yrke | lyrikar, skribent, skodespelforfattar, koreograf, universitetslærar |
Språk | engelsk |
Jean Binta Breeze på Commons |
Jean Binta Breeze MBE (11. mars 1956–4. august 2021}}), opphavleg Jean Lumsden,[2] var ein jamaicansk-britisk diktar, songar og forteljar. Breeze har framført verka sine i Karibia, Nord-Amerika, Europa, Søraust-Asia og Afrika.[6] Ho verka også som teaterdirektør, koreograf, skodespelar, lærar og mentor, og som redaktør for Critical Quarterly i London.[7]
Breeze blei fødd som Jean Lumsden i landsbyen Pattyhill i Hanover Parish nordvest på Jamaica,[3] der ho også voks opp.[8] Ho var ei av fire systrer.[9] I store delar av barndommen blei ho oppfostra av besteforeldra sine, som var gardbrukarar.[10] Faren arbeidde i byen som helseinspektør, og mora studerte for å bli sjukepleiar og jordmor.[11] Mora lærte henne ei rekkje dikt utanåt, og ho framførte dikt frå ho var lita. Som tolvåring las ho opp «If» av Kipling for ein konkurranse,[11] men sjølv har ho trekt fram framføringar av verka til den lokale diktaren Louise Bennet, «Miss Lou», som særskild inspirerande.[12] Inspirert av dikta byrja ho også å skriva sjølv, og fekk sine første to dikt utgjeve i skuleavisa som elleveåring.[13]
Jean gjekk ut frå Rusea’s High School. Ho gifta seg atten år gammal med sin tidlegare geografilærar, Brian Breese, i 1974, og paret fekk ein son saman. Dei skilde lag i 1978, men ho nytta etternamnet hans med ein endra stavemåte, Breeze, som diktar.[11] Medan ho var gift virka Breeze som lærar ved vidaregåande skular rundt heimstaden i fem år.[11] Ho var også kulturkoordinator, og arbeidde for Jamaica Cultural Development Commission.[14]
Seinare studerte Breeze ved Jamaica School of Drama i Kingston med Michael Smith og Oku Onuora.[15] Under studietida tok ho i bruk det afrikanske namnet Binta, som skal bety 'nær hjartet'.[3][16] I 1977 var ho med på å skipa teatergruppa Sistren.[14][1]
Frå 1979 til 1981 budde ho i Clarendon,[17] der ho var del av ei rastafari-gruppe som la vekt på sjølvberging og jordbruk.[11] Her fekk ho sitt andre barn, ei dotter. Seinare i livet fekk ho ei dotter til.[14] Rundt denne tida byrja teikn på ein mental sjukdom å visa seg. Ho gjekk gjennom fleire nervøse samanbrot, og fekk etterkvart behandling for schizofreni.[11]
Breeze byrja å laga eigne dikt på 1970-talet, og etterkvart også å framføra og spela dei inn.[7] Ho hadde sin første opptreden i Montego Bay i 1981 saman med dub-diktaren Mutabaruka. Fleire av songane hennar blei spelt på jamaicansk radio.[8]
Ho gav ut si første diktsamling, Answers, i 1983.[6] Ho vitja London tidleg i 1985 etter å ha blitt invitert av diktaren Linton Kwesi Johnson, og hadde sin første britiske opptreden ved International Book Fair of Radical Black and Third World Books[18][19] i mars det året.[20] Ho vende tilbake til London i september 1985, og underviste i teater ved Brixton College i to år. Deretter slutta ho som lærar for å kunna opptre som diktar på fulltid.[18] Ho busette seg seinare i Leicester i England.[21] Ho opprettheldt også kontakten med Jamaica, og enda opp med å bu nokre månadar om gongen i kvart land.[6][11]
Breeze gav ut diktsamlinga Ryddim Ravings i 1988 på Race Today Collective.[15] Seinare skreiv ho manus for Hallelujah Anyhow, eit samarbeid mellom British Film Institute og Channel 4.[15] Ho gav også fleire album. Ho bidrog på Woman's Talk (1986), og spelte inn Tracks i 1991 med Dennis Bovell's Dub Band.[15]
Ho opptredde på turnear, mellom anna med litteraturgruppa Renaissance One,[22] og ved årlege tilstellingar som Black History Month,[23] festivalar som Glastonbury,[24] Reggae Geel,[16] London Liming, Marxism Festival[25][26] og Ilkley Literature Festival,[27] og ved markeringar, som femtiårsmarkeringa for «Windrush»-seglinga frå Jamaica til Storbritannia i 1998,[23] og feiringa av syttiårsdagen til den amerikanske forfattaren Maya Angelou.[28] Ho samarbeidde også med den afroamerikanske a cappella-gruppa Sweet Honey in the Rock.[8]
de simple tings of life, mi dear
de simple tings of life
she rocked the rhythms in her chair
brushed a hand across her hair
miles of travel in her stare
de simple tings of life
Breeze byrja å dikta på same tid som dub-poesi, ei blanding av tala ord og reggae-rytmar, voks fram på Jamaica. Ho er ofte blitt omtalt som den første kvinna til å opptre innan sjangeren.[10] Ho skreiv sjølv om vanskane med å ta del i denne mannsdominerte sjangeren,[a] som ho opplevde som avgrensande, og har seinare utvida eller fjerna seg frå han.[30][31] Ho brukt også andre musikkformer i arbeidet sitt, som jazz, blues, mento og kaiso.[8]
Breeze blanda også lyrikk og andre litteratursjangrar. Diktframføringane hennar var ofte følgde av forteljingar. På same vis blandar boka The Fifth Figure lyrikk og prosa. Boka er delt inn i seksjonar basert på den jamaicanske kvadriljedansen.[7]
Breeze dikta delvis på standard engelsk og delvis på jamaicansk patwa (patois). Dikta hennar var skrivne for framføring, ofte til jamaicansk musikk.[32]
Breeze skreiv mykje om enkeltliv og kjensler,[14] særleg om erfaringane til afrikanskætta kvinner i Jamaica og Storbritannia.[4] Ho henta ofte bilde frå jamaicansk landsbygd og natur, og skildrar typisk arbeidarkvinner. The Fifth Figure tek for seg liva til fem generasjonar kvinner som flytter mellom Jamaica, Afrika og Europa.[7] Ho tok også opp politiske og historiske emne, som krig, undertrykking og utviklingshjelp. Ho byrja diktinga si til støtte for People’s National Party og Michael Manley sitt forsøk på å utvikla eit sosialdemokrati på Jamaica.[11] «Aid Travels With a Bomb» blei til dømes skrive då Jamaica ba om hjelp frå det internasjonale pengefondet.[11]
but occasianally
spirit tek
an a smile
wid a twinkle
in de I
does warm de heart
like summer come in May
Ho skreiv fleire dikt inspirert av personar, som «On Your Passing» om aktivisten og forfattaren C.L.R. James,[34] «Song For Lara» om cricketspelaren Brian Lara,[35] «Upstream» om songaren Stevie Wonder[36] og «Seasons» om diktaren Linton Kwesi Johnson.[37]
Jean Binta Breeze hadde schizofreni sidan tidleg i tjueåra. Eit av dei best kjende diktar hennar, «Riddym Ravings (the mad woman’s poem)», var inspirert av denne lidinga. I eit radiointervju i 2011 fortalde ho at ho berre kunne skriva når ho var frisk, og at det siste utbrotet hennar hadde redusert evne hennar til å opptre.[38]
Nokre av dikta til Breeze var inspirerte av rastafarianismen, som «Tweet Tweet», som viser til Bob Marley og Zion.[39] Andre hadde bibelsk inspirasjon, som «Spring Cleaning»[28] og «Planted by the waters».[10] «Isaiah» blanda Bibel og rastafarianisme med den moderne Midtausten-konflikten. [25]
Breeze henta også inspirasjon frå Chaucer og moderne engelske stader, som i «The Wife of Bath in Brixton Market»,[40] og lokal engelsk dialekt, som «Mi Duck».[13]
I 2003 blei Breeze tildelt eit NESTA-Fellowship over to år ved Cambridge.
Ho blei utnemnd til Honorary Creative Writing Fellow ved School of English ved University of Leicester.[41]
I 2012 blei ho utnemnd til Member of the Order of the British Empire (MBE) i dronninga sine Birthday Honours for bidrag til litteraturen.[42][43]
I august 2018 blei Breeze gjeven ein Lifetime Achievement Award ved Jamaica Poetry Festival.[44][45]
Breeze har påverka diktarar som Patience Agbabi[5], Zena Edwards[46] og Jane King.[7]