Jeff Beck Group Studioalbum av The Jeff Beck Group | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1. mai 1972 | |
Innspelt | Januar 1972 | |
Studio | TMI Studios i Memphis i Tennessee | |
Sjanger | Bluesrock | |
Lengd | 40:29 | |
Selskap | Epic | |
Produsent | Steve Cropper | |
The Jeff Beck Group-kronologi | ||
---|---|---|
Rough and Ready (1971) |
Jeff Beck Group | Beck, Bogert & Appice (1973)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Robert Christgau | C+[2] |
The Rolling Stone Album Guide | [3] |
Jeff Beck Group er det fjerde studioalbumet til The Jeff Beck Group og det andre med ei besetning som bestod av Jeff Beck, Bobby Tench, Clive Chaman, Max Middleton og Cozy Powell.[4] Albumet vart produsert av Steve Cropper og vert stundom kalla Orange Album, på grunn av appelsinen (orange på engelsk) som er på toppen av plateomslaget.
I januar 1972 flaug Jeff Beck Group til USA og gjekk i TMI Studios[5] i Memphis i Tennessee. Somme av songane dei spelte inn der hadde alt vortne framførte på konsertane deira. I motsetnad til på Rough and Ready spelte dei òg inn fem coverlåtar for dette albumet, inkludert ein ny versjon av Ashford & Simpson sin «I Can't Give Back the Love I Feel For You» og Carl Perkins sin «Glad All Over» (1957). Cropper og Beck samarbeidde på «Sugar Cane» og var ein av fleire songar som var skrivne medan dei var i studio. På ein fest etter innspelinga vart Beck gratulert av Don Nix for versjonen hans av «Going Down», som Nix hadde skrive og opphavleg gjeve ut med bandet Moloch i 1969.[6] Freddie King hadde spelt inn songen i 1971.
Albumet kom ut i USA 1. mai 1972, og i Storbritannia 9. juni same året[7] og turnear både i Storbritannia og USA følgde.[8] Det var ingen singlar frå albumet.
Sjølv om mange kritikarane sette pris på dugleiken til Beck på gitar, var det mange som var kritiske til albumet, mest fordi songane ikkje var gode nok.[1][8][9]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Ice Cream Cakes» | Jeff Beck | 5:40 |
2. | «Glad All Over» | Aaron Schroeder, Sid Tepper, Beck[10] | 2:58 |
3. | «Tonight I'll Be Staying Here with You» | Bob Dylan | 4:59 |
4. | «Sugar Cane» | Beck, Steve Cropper | 4:07 |
5. | «I Can't Give Back the Love I Feel For You» | Valerie Simpson, Nickolas Ashford, Brian Holland | 2:42 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Going Down» | Don Nix | 6:51 |
7. | «I Got to Have a Song» | Stevie Wonder, Don Hunter, Lula Mae Hardaway, Paul Riser | 3:26 |
8. | «Highways» | Beck | 4:41 |
9. | «Definitely Maybe» | Beck | 5:02 |
Total lengd: | 40:29 |