Jefferson Airplane av Jefferson Airplane Studioalbum av Jefferson Airplane | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 22. august 1989 | |
Innspelt | 1989 | |
Studio | The Record Plant i Los Angeles | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 54:33 | |
Selskap | Epic | |
Produsent | Ron Nevison Greg Edward Jefferson Airplane | |
Jefferson Airplane-kronologi | ||
---|---|---|
2400 Fulton Street (1987) |
Jefferson Airplane av Jefferson Airplane | Live at the Monterey Festival (1991)
|
Singlar frå Jefferson Airplane | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Classic Rock | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Rolling Stone | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Jefferson Airplane er gjenforeiningsalbumet til rockbandet Jefferson Airplane, gjeven ut på Epic Records i 1989.
Marty Balin, Paul Kantner, Grace Slick, Jorma Kaukonen og Jack Casady, som hadde spelt i lag på Surrealistic Pillow, After Bathing at Baxters, Crown of Creation og Volunteers kom alle saman for albumet og turneen som følgde, men Spencer Dryden vart ikkje beden med sidan Kantner framleis bar nag etter at Dryden hadde vore med på å gje Bill Graham sparken som manager i 1968.[4] Kenny Aronoff vart med bandet som trommeslagar for turneen og i studio. Før gjenforeininga hadde Paul Kantner, Marty Balin og Jack Casady turnert i lag i KBC Band og spelt inn KBC Band-albumet in1986. Grace Slick hadde nyleg gått frå Starship ette å ha sunge på albumet deira No Protection i 1987. Ho planla å trekke seg tilbake frå musikkindustrien. Jorma Kaukonen hadde spelt solo og i lag med Jack Casady som Hot Tuna. Kanter forlet KBC Band i 1987, men vart med Hot Tuna på turneen i 1987 - 1988 tour. Kaukonen inviterte Slick til å spele på ein konsert i at The Fillmore med Hot Tuna i 1988 der ho song harmonivokal på «Third Week in the Chelsea» og solovokal i lag med Kantner på «Wooden Ships». I 1989 vart Slick overtalt til å bli med b andet igjen og dei fem medlemmane kom endeleg saman att for å diskutere det framtidige albumet og turneen. Med seg på turneen hadde bandet i tillegg til Aronoff på trommer Tim Gorman på klaverinstrument (som òg hadde spelt i KBC Band), Randy Jackson på gitar, og bror til Jorma, Peter Kaukonen på gitar. Gorman og Jackson spelte ikkje på albumet. Albumet var produsert av y Ron Nevison, som tidlegare hadde produsert Jefferson Starship-albuma Freedom at Point Zero, Modern Times og Nuclear Furniture.
Kantner medverka med songen «Planes», som tidlegare hadde vore spelt live av KBC Band, og den første studioversjonen vart spelt inn for dette albumet. Den første musikkvioden laga for å promotere albumet var for «Planes» og vart mykje spelt på MTV i 1990. Singelen gjekk opp til 24. plass på singellista i USA for mainstream rock, sjølv om albumet berre nådde 85. plass. Balin-songen «Summer of Love» hadde òg vorte spelt live av KBC Band, og vart først spelt inn for dette albumet Songen hadde ikkje ein musikkvideo men nådde 15. plass på adult contemporary-lista i USA. Steve Porcaro og David Paich frå Toto skreiv den siste singelen, «True Love».
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Planes (Experimental Aircraft)» | Paul Kantner | 4:26 |
2. | «Freedom» | Grace Slick | 4:54 |
3. | «Solidarity» (omsett av H. R. Hays) | Bertolt Brecht, Marty Balin, Mark Cummings | 5:08 |
4. | «Madeleine Street» | Kantner, Balin | 4:15 |
5. | «Ice Age» | Jorma Kaukonen | 4:16 |
6. | «Summer Of Love» | Balin | 4:15 |
7. | «The Wheel (For Nora and Nicaragua)» (omsett av Margaret Randall) | Kantner, ekstra tekst av Otto René Castillo[n 1] | 6:08 |
8. | «Common Market Madrigal» | Slick | 2:46 |
9. | «True Love» | Steve Porcaro, David Paich | 3:43 |
10. | «Upfront Blues» (instrumental) | Kaukonen | 2:02 |
11. | «Now Is The Time» | Slick | 4:53 |
12. | «Too Many Years» | Kaukonen | 4:10 |
13. | «Panda» | Slick | 3:37 |
Album
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1989 | The Billboard 200 | 85 |
Singlar
År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1989 | «Summer of Love» | Adult Contemporary | 15 |
1989 | «Planes» | Mainstream Rock Tracks | 24 |