Jeremi Wasiutyński | |||
![]() | |||
Fødd | 5. oktober 1907 Warszawa | ||
---|---|---|---|
Død | 8. april 2005 Oslo | ||
Nasjonalitet | Noreg, Polen | ||
Yrke | astronom, filosof |
Jeremi Maria Franciszek Wasiutyński (6. oktober 1907–8. april 2005) var ein polsk-norsk astrofysikar og filosof.
Wasiutyńs kistuderte matematikk, fysikk og astronomi ved universitetet i Warszawa og tok magistergrad i astronomi i 1930. Han tok doktorgraden ved Universitet i Oslo i 1948. I 1964 vart han statsstipendiat.
Jeremi Wasiutynski var særleg oppteken av astrofysikk, og publiserte meir enn hundre populærvitskaplege artiklar i norsk og dansk presse. I åra 1931–1934 var han praktikant ved ein fabrikk for optiske instrument. Ved sidan av arbeidet skreiv han eit tobindsverk i generell astronomi saman med M. Kamieński. 1935–3196 skrev han ein biografi om Kopernikus, som 1938 oppnådde litteraturpris for årets beste bok i Polen. 1943–1944 utgav han trebindsverket Verden og geniet, og 1963 boka Universet. I sine seinare år dreiv han hovudsakleg med filosofiske spørsmål, særleg knytt til heilheitstenking og kosmologi. Av hans seinare publikasjonar finn ein mellom anna trebindsverket Creation. Materials to the General Theory of Reality og Det kosmiske drama og drømmer om den kongelege vei på terskelen til ein ny tid.