Jesper Tørring

Jesper Tørring


Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 27. september 1947 (77 år)
Randers
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 1976, Sommar-OL 1972

Jesper Tørring (fødd 27. september 1947) er ein dansk tidlegare friidrettsutøvar frå Randers som vart europameister i høgdehopp i 1974. I tillegg til høgdehopp tevla han jamt i øvingar som lengdehopp og 110 meter hekk.

Tørring deltok i lengdehopp under friidretts-EM 1969 i Aten, og vart nummer tolv med 7,41 m. I 1971 sette han dansk rekord i lengde med 7,80 m, men stoppa på 7,52 m i kvalfiseringa i EM i friidrett 1971 i Helsingfors. Han stilte også i 110 m hekk i meisterskapen, og vart slått ut i forsøksløpet. Betre gjekk det ikkje i München under sommar-OL 1972, også då rauk han ut innleiingsvis både på korthekken og i lengdehopp. I OL-året vann han elles sin fyrste nasjonale tittel i høgdehopp.

Under europameisterskapen i Roma i 1974 klarde fem utøvarar å kome over 2,19 m, men berre to av desse, Kęstutis Šapka frå Sovjetunionen og Tørring lukkast å ta seg over 2,21 m. Begge klarde høgda i første forsøk, det same gjentok seg på 2,23 m. På 2,25 m svinga begge seg over i andre forsøk. Ettersom ingen av dei klarde 2,27 m, vart det avgjerande for gullkampen at Šapka måtte ha to forsøk på 2,19 m. Tørring fekk dermed gullmedaljen sidan han tok 2,19 m i fyrste forsøk.

I 1976 deltok Tørring i høgdetevlinga under olympiaden i Montreal, og vart nummer åtte på 2,18 m.

Tørring var dansk meister i lengdehopp kvart år frå 1967 til 1977 og i høgdehopp 1972-73 og 1975-80, samt meister på 110 meter hekk i 1971 og 1973-77.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]