Jim Fielder | |||
Fødd | 4. oktober 1947 (77 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Denton | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | rock, jazz, eksperimentell rock, jazzrock | ||
Instrument | bassgitar, gitar | ||
Verka som | musikar, gitarist, komponist |
Jim Fielder (fødd 4. oktober 1947 i Denton i Texas) er ein amerikansk bassist, mest kjend for å vere ein av dei originale medlemmane i Blood, Sweat & Tears.
Fielder gjekk på Loara High School i Anaheim i California. Medan han var ved Loara, vart den unge Fielder ven med klassekameratane Tim Buckley og Larry Beckett, eit venskap som fekk Fielder inn i musikkindustrien.[1] Før han vart med i BS&T arbeidde han med Buckley, og spelte i fleire andre kjende band som Mastin & Brewer med Mike Brewer og Billy Mundi, The Mothers of Invention og Buffalo Springfield.
Etter han slutta i BS&T, arbeidde Fielder mykje som studiomusikar. Han har ofte spelt i bandet til Neil Sedaka.
Alle albuma er med Blood, Sweat & Tears utanom der andre er nemnde.