Jim Mullen | |||
![]() | |||
Fødd | 26. november 1945 (79 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Glasgow | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Sjanger | Jazz, jazzrock | ||
Instrument | Gitar | ||
Tilknytte artistar | Brian Auger's Oblivion Express, Kokomo, Average White Band, Morrissey–Mullen, The AllStars, The Jim Mullen Organ Trio, Citrus Sun | ||
Verka som | Musikar |
Jim Mullen (fødd 26. november 1945) er ein skotsk jazzgitarist med ein særeigen stil. Som Wes Montgomery før han brukte han tommelen til å plukke strengane med i staden for eit plekter.[1]
Jim Mullen var gitarist med Pete Brown & Piblokto! for to album i 1970. Han spelte så med Brian Auger's Oblivion Express,[2] og var med på dei tre første albuma i lag med den framtidige Average White Band-trommisen Robbie McIntosh. Mullen vart så med i bandet Kokomo og turnerte seinare med Average White Band.
Då han turnerte i USA med AWB i midten av 1970-åra møtte han tenorsaksofonisten Dick Morrissey, og i 1980-åra slo dei seg saman til det britiske jazzfunkbandet Morrissey–Mullen.[2] Plateprodusenten Richard Niles, som produserte det sjette albumet til bandet, It's About Time, produserte sidan tre soloalbum for Mullen.[3]
Mullen har spelt med mellom andre Pete Brown & Piblokto!, Mose Allison, Hamish Stuart, Joanna Eden, Tam White, Claire Martin, Mike Carr, Jimmy Witherspoon, Dave O'Higgins og Georgie Fame, Sinan Alimanovic, David Tughan og Frank Holder.