Jimmy Campbell | |||
Fødd | 4. januar 1944 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Liverpool | ||
Død | 12. februar 2007 (63 år) | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Plateselskap | Fontana | ||
Verka som | songar-låtskrivar |
Jimmy Campbell (4. januar 1944–12. februar 2007) var ein engelsk musikar og låtskrivar frå Liverpool i England.[1] Han var medlem av Merseybeat-gruppene The Kirkbys, The 23rd Turnoff og Rockin' Horse, i tillegg til at han gav ut tre soloalbum.[1]
Campbell byrja med musikk på skulen og skipa bandet The Panthers. Dei varma opp for The Beatles i januar 1962. Bandet spelte på The Cavern fleire gonger og ein av konsertane deira vart sende på Radio Luxembourg, då dei vart introduserte som The Kirkbys av Bob Wooler, som var programleiar for showet, 'Sunday Night at the Cavern'. Wooler meinte at å byte namn til heimbyen deira ville skaffe dei fleire fans. Namnet vart hengande ved og gruppa gav ut ein singel, «It's A Crime», i 1966, mot slutten av Merseybeat-perioden.[2]
Campbell gjekk vidare til deet gryande psykedeliske miljøet og gav bandet namnet The 23rd Turnoff. Namnet vart henta frå ein avkjørsel på motorvegen M6 nær Liverpool.[2] Her fann han at røtene i Liverpool vart ein bakdel for han, sidan miljøet etablerte seg sjølv i London.[3] Bob Stanley i The Times skildra Campbell som «den tapte låtskrivaren frå denne tida»,[3] og han skreiv fleire songar for andre artistar. Cliff Richard, Billy Fury, The Swinging Blue Jeans og Rolf Harris har alle spelt songar av Campbell.[2] Sjølv om Campbell ikkje vart kjend i 1960- og 1970-åra, vart musikken hans seinare høgt akta. Will Sergant kalla Campbell-singelen «Michael Angelo», spelt inn med 23rd Turnoff, blant dei ti beste psykedeliske songane.[4] The Guardian inkluderte samlealbumet The Dream of Michelangelo på lista si over tusen album du må høyre før du døyr i 2004.[5]