Jimmy Shand | |||
| |||
Fødd | 28. januar 1908 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | East Wemyss | ||
Død | 23. desember 2000 (92 år) | ||
Opphav | Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland | ||
Instrument | trekkspel | ||
Plateselskap | Parlophone | ||
Verka som | musikar | ||
Prisar | medlem av Den britiske imperieordenen, Knight Bachelor |
James Shand MBE (28. januar 1908–23. desember 2000) var ein skotsk musikar som spelte tradisjonell skotsk dansemusikk på trekkspel.[1] Han var kjend for signatursongen «The Bluebell Polka».
James Shand var fødd i East Wemyss i Fife som son av ein pløyemann som blei kolgruvearbeidar. Han var ein av ni born.[1][2] Familien flytta snart til Auchtermuchty. Denne byen har no ein stor statue av Shand. Far hans var ein dyktig melodeon-spelar. Jimmy byrja spela munnspel, og byrja så å spela fele. Som 14-åring måtte han forlata skulen og byrja arbeida i gruva. Han spelte på sosiale tilstellingar og i tevlingar. Begeirstinga hans for motorsyklar blei til ein fordel då han kunne spela ved arrangement i heile Fife. I 1926 spelte han ved ein støttekonsert for streikande gruvararbeidarar, og etter dette fekk han ikkje arbeid i gruver meir. Ein dag var Shand og ein ven i Dundee og såg instrument i ein musikkbutikk. Shand gjekk inn og prøvespelte eit trekkspel. Eigaren, Charles Forbes, høyrde Shand spela og tilbaud han ein jobb som omreisande seljar og kredittinnkrevjar.[1] Han kjøpte seg snart ein varebil, og køyrde rundtom i Nord-Skotland. Han gjekk over til britisk kromatisk knappetrekkspel, eit instrument han heldt seg til resten av livet.