Joe English | |||
Fødd | 7. februar 1949 (76 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Rochester i New York | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1975– | ||
Sjanger | rock, jazz-fusion | ||
Instrument | Trommer, perkusjon, vokal | ||
Tilknytte artistar | Wings, Sea Level, The Joe English Band | ||
Verka som | Musikar |
Joe English (fødd 7. februar 1949) er ein USA-amerikansk musikar, vokalist og låtskrivar, som i 1970-åra spelte trommer i Paul McCartney sitt Wings og i den progressive jazzgruppa Sea Level.
English svarte på ei annonse for prøvespeling i eit band tidleg i 1975. Det viste seg å vere Wings og han fekk jobben og spelte første gongen på albumet Venus and Mars.[1] I september 1977 lengta han heim til Macon i Georgia, og slutta i bandet. Heime i Macon byrja han å spele med Chuck Leavell i bandet Sea Level.
Etter å ha sett lyset som kristen skipa han Joe English Band, der han var songar og trommis. Dei turnerte verda over og spelte med andre kjende kristne band, som Petra, DeGarmo & Key, Mylon LeFevre og Servant. I 1990-åra fekk han problem med ankelen og slutta i musikkindustrien.
Med Kingfish
Med Sea Level
Med Joe English Band
Compassion All Star Band