Johannes Hudde

Johannes Hudde

FøddJohannes van Waveren Hudde
23. april 1628
Amsterdam
Død15. april 1704
Amsterdam
NasjonalitetDei sameinte Nederlanda
Områdematematikk, likning, geometri, politikk, local administration, translation from French, translation into Latin
Yrkematematikar, politikar, instrumentmaker, ordførar, omsetjar
InstitusjonarUniversitetet i Leiden
Amsterdam Vroedschap
Alma materUniversitetet i Leiden
Academy of Saumur
DoktorgradsrettleiarFrans van Schooten jr.
MedlemAmsterdam Vroedschap

Johann(es) (van Waveren) Hudde (23. april 162815. april 1704) var ein nederlandsk matematikar og politikar.

Han var i mange år borgarmeister i Amsterdam. Under den fransk-nederlandske krigen i 1672 leia han oppsynet med flaumane til hjelp for forsvaret.

Som matematikar er han kjend for ein metode for å avgjere multiple røter i ei likning. To av avhandlingane hans vart trykte som tillegg til La Géométrie av René Descartes, som kom ut i 1659. Han dreiv òg med matematiske formlar for livsforsikring og livrenter, og dessutan med konstruksjon av fysiske og astronomiske instrument.

«Johann van Waveren Hudde» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Johannes Hudde