Joint Warfare Centre | |||
![]() | |||
Hovudkontor | Stavanger kommune | ||
---|---|---|---|
Land | Noreg | ||
Dagleg leiar | Reinhard Wolski | ||
Nettstad | http://www.jwc.nato.int/ |
Joint Warfare Centre (JWC) ('Felles krigføringssenter') er eit militært fjellanlegg på Jåttå i Stavanger som vert brukt til trening og utdanning av personell som yrkjer ved dei operative hovudkvartera til NATO.[1]
JWC er direkte lagt under NATO-hovudkommandoen Allied Command Transformation i Norfolk, USA.[2]
Allereie frå folkevandringstida har ein hatt ein bygdeborg ved Jåttånuten.[3]
I 1943, under den andre verdskrigen, byrja tyskarane å byggja eit hovudkvarter inne i fjellet under Jåttånuten.[4] Dette vart fullført av Forsvaret i slutten av 1950-åra og Luftforsvaret og Kystvakta flytta inn hit i 1957.
I 1994 kom forlauparen til JWC inn: Headquarters Allied Forces North Europe. I 2000 vart det endra til Joint Command North (JCN), dinest opprettinga av Joint Warfare Centre i 2003.
I 2003 vart JWC oppretta i samband med omlegginga av kommandostrukturen til NATO, som vart vedteke i Praha november 2002.[5] Føremålet med senteret er å utvikla NATO til ein førebudd og fleksibel organisasjon, og dessutan utdanna personell ved dei operative hovudkvartera.
Tidlegare heldt også Fellesoperativt hovudkvarter til på Jåttå, men vart i 2009 flytta til Reitan i Nordland og døypt om til Forsvarets operative hovudkvarter.