Jon Lilletun | |||
Fødd | 23. oktober 1945 Vossestrand kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 21. august 2006 (60 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Kristeleg Folkeparti | ||
Yrke | politikar | ||
Verv | Norsk kyrkje- og undervisningsminister 17. oktober 1997–17. mars 2000 | ||
Føregangar | Reidar Sandal | ||
Etterfylgjar | Trond Giske | ||
Verv | Stortingsrepresentant 1989–2009 | ||
Alle verv |
|
Jon Lilletun (23. oktober 1945–21. august 2006) var ein norsk politikar som representerte Kristeleg Folkeparti, der han òg var nestleiar i 12 år. Han vart fødd i tidlegare Vossestrand kommune, no innlemma i Voss.
Før han vart heiltidspolitikar arbeidde han mellom anna som handelsmann, kommunal ungdomskonsulent, kultursjef og tiltakskonsulent. Han var vararepresentant på Stortinget i tida 1981–1985, og vart innvald frå Vest-Agder fylke i 1989. Lilletun var statsråd i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i Sentrumsregjeringa frå 1997 til 2000. Han var gjennom fleire av sine stortingsperiodar KrF sin representant i kyrkje- og undervisingskomiteen, der han var leiar frå 1993 til 1997.
Då Kjell Magne Bondevik danna si andre regjering i 2001, samarbeidsregjeringa, gjekk Lilletun inn som parlamentarisk leiar for KrF på Stortinget, ei stilling han hadde til han vart sjukmeld i 2005.
Etter stortingsvalet i 2005 vart Lilletun KrF sin representant i presidentskapet på Stortinget, som visepresident i Lagtinget. Lilletun tok etter valet hausten 2005 fatt på si fjerde periode som stortingsrepresentant for KrF innvald frå Vest-Agder.
Våren 2005 gjekk han ut i permisjon på gunn av sjukdom, og Sigmund Kroslid møtte som vara.