Juleøl er ei nemning på ein type øl som har lang tradisjon for å verte brygga til juletider i Norden. Juleøl er ofte undergjæra og har eit alkoholinnhald kring 4,5 % og 6,5 %.
Alle norske bryggjeri har sitt eige juleøl.
Det første eigentlege danske julebrygget som vart produsert i større omfang, var (kvit) X-mas frå bryggeriet Thor. Det kom på marknaden i 1969[1] og var i starten hovudsakleg berre lokalt tilgjengeleg i Randers og omland der lanseringa av årets brygg vart gjort til ei særskild årleg hending med namnet X-dag i løpet av 1970-åra. Julebrygget vart køyrt ut med hestevogn, lenge etter at ein elles var gått over til bilar.
I 1990 sette bryggjeriet Tuborg fokus på julebrygget ved å lansere uttrykket snebajer som ei helsing på etikettane på Grøn Tuborg. Året etter vart snebajer til eit sjølvstendig produkt og er i 2006 det mest selde julebrygget i Danmarks. I 1990 introduserte bryggjeriet den årlege J-dagen der ein feirar lanseringa av årets julebrygg.
Referansar