Junkers W 34 var eit tysk ein-motors lågvinga passasjar- og frakt- eller postfly som vart utvikla hos Junkers på 1920-talet og vart teke i bruk i 1926. Flyet var ei vidareutvikling av Junkers W 33F. Passasjerversjonen kunne ta pilot og fem passasjerar, ein seinare modell fekk plass til to besetningsmedlemmar og ei vidareutvikling av modellen førte til flyet Junkers Ju 46.
W 34 vart eksportert til fleire land, mellom dei Canada, Finland, Kina, Noreg, Ny-Guinea, Spania, Sverige og Sør-Afrika.